Natt under åpen himmel

Tekst av Bente Bratland skrevet til åpningen av separatutstilling i galleri Wendelboe i 2018

Natt under åpen himmel
Løfta livet løfta draumen
Stå i det som er i det som var
i det som kan koma
Lytta til den store stilla
Plukka ørsmå bilde fram
frå sin lengsel si sorg
og sitt håp si glede
Stå der og berre vera

Det er ei stor gleda for meg å få lov å åpna utstillingen til Trude Hisdal.
«NATT UNDER ÅPEN HIMMEL»
har Trude sett som tittel på utstillingen
Eit tittel som opnar opp
for det vakre, for draumar og for magi.
Og er det noko vi treng som menneske i dag, så må det vel vera dette:
det vakre, draumar og magi
Og i bilda til Trude så finn eg alt dette.
Gjennom motiv som gir rom for draumar
Gjennom fargar som berører sansane
og så det bakomliggande, som opnar for magien
Og så titlane:
«Veien dit du bor»
«Som om tiden sto stille»
«Hemmelig lykke» m.m.
Eg trur på at det er rom i oss som treng berøring for å opna seg, og for at vi skal kunna utvida vårt indre liv.
Vi treng berøring av musikk, av ord og av bilde. Og eg trur på at desse berøringane gjer oss rikare som menneske.

Trude seier i eit intervju at maling er forskning i sinnet.
For oss som møter bilda er det ein mulighet
til å opna sinnet.
Å skapa eit bilde tar tid.
Å møta eit bilde er også noko vi kan gi tid.
Tid til å la oss bli bevega,
tid til å gje rom for draumane
i oss.
Og tid til å nærma oss det som er
større enn oss.

For over tjue år sidan skreiv eg eit dikt
til mi då unge datter «Dans dotter mi»
For meg står dansen for livskrafta
Måtte vi alle dansa med livet
dansa med det vakre med draumane
og med det magiske
Så eg vil veldig gjerne opna denne rike utstillingen
med akkurat dette diktet – og tileigna det oss alle

DANS DOTTER MI
Ta på dei raude danseskoa
dotter mi
og dans

La ingen få knebla din song
eller hemma din draum

Dans dotter mi
Dans

Grip dagen
og fyll han med din styrke

Vakker er du
Slå vakt om grensene dine
Vent ikkje på å bli valt av livet
Velg sjølv

Separatutstilling Galleri Wendelboe

8. mars – 2. april 2018 Trude Hisdal separatutstilling i Galleri Wendelboe i Bergen
_MG_6145_1200

Trude Hisdal like før utstillingsopninga i Kunsthuset Wendelboe.

Trude Hisdal like før utstillingsopninga i Kunsthuset Wendelboe.

Galleri Osebro «Eventyrlige kontraster»

14. oktober 2017 åpner «Eventyrlige kontraster» i Galleri Osebro i Porsgrunn. Tre kunstnere viser sine arbeider; Sarah Reed – keramikk, Karen Helga Maurstig – grafikk og Trude Hisdal – maleri